top of page

Me (Arjen og Marna ) kjøpte dette flotte store huset i Herand i 2011. Arjen trong plass til verkstad for harmoniumrestaurering, og denne plassen var midt i blinken. Men resten av huset var alt for stort for oss to aleine, så me har hatt gleda av å ta imot forbipasserande gjester, grupper og arbeidsfolk som trong overnatting i alle desse åra. Litt reglar trengs når me er mange som skal bu i eit hus: 

Røyking/ levande flamme er ikkje tillate inne i huset på grunn av brannfare. Instruks for brann/ evakuering heng på romma.. Det er brannslukkingsapparat i gangane, og brannstige frå kjøkenet på loftsetasjen. 

Vis omsyn til dei andre gjestene og rydda etter deg på fellesromma. Ta deg tid til å finna ut av kjeldesorteringssystema våre. Me vil gjerne ta vare på natur og miljø..

 

Til vanleg tek me imot gjester etter klokka 16.00 og avreise er før 11.00. Dersom det er heilt andre tider som passar deg eller di gruppe så ta ein prat med oss om det. Me tilpassar oss så sant me kan.

 

 

.Mellom 23.00 og 07.00 må det vera stille i huset. et er ofte folk som skal på jobb neste morgon, og dei som skal på Fonna eller Trolltunga skal oftast opp tidleg..

bottom of page