Ei reise i Hardanger

Herand ligg sentralt i Hardanger, og er eit perfekt utgangspunkt for utforsking av regionen. I bygda er det òg mykje å utforska. På sida til Herand Landskapspark finn du atraksjonar, turar, aktivitetar mm. Hos Hardanger Rom & Harmonium har me motorbåt for leige, og to «sit on top» kajakkar for dei som ikkje har kajak- kurs. Vil du ta kurs kan du snakka med Juklafjord /turistinformasjonen i Jondal. Dei har kurs i kajakk, brevandringar på Folgefonna, klatring (i Herand) og mykje meir. Likar du å stå på ski kan du gjera det sommaren lang på Fonna Glacier Ski Resort. Vil du ikkje køyra opp dit, går det buss frå Herand 09.25 med retur 15.50 kvar dag i sommarferien. For dei som vil sjå Hardangerfjorden frå sjøsida kan eit fjord- cruice vera kjekt. Båten har anløp 100 meter frå huset. Kjøp billett ombord. Du skal ikkje heile ruta. Rutetider

Herand ligg langs Nasjonal turistveg mellom Jondal og Utne. På turen køyrer du langs Noregs frukthage, og i kanskje noko av noregs finaste natur. Når du kjem til Utne må du gjerne vitja Hardanger folkemusèum, som er ein del av Hardanger og Voss museum. Går du til symbola oppe i menyen finn du mange flotte musèum og utstillingar som ligg i passe avstand for dagsturar. Vil du ta rundtur når du er komen til Utne køyrer du langs vestsida av Sørfjorden og passerer Agatunet, som òg er ein del av musèet. I Odda kan Turistinformasjonen fortelja deg om kva du kan sjå og oppleva der. I Tyssedal, nokre minutts køyring frå Odda finn du Noregs Vasskraft- og Industristadmusèum. Tyssedal er òg utgangspunkt for turen til Trolltunga. Returen frå Odda tek du anten gjennom Folgefonnstunnelen og Jondalstunnelen, eller same vegen som du kom. Når ein køyrer motsett veg vert jo naturen ny og annleis.

Tek du ferja frå Utne til Kvanndal er det berre ein god halvtime att til du er på Voss med alle sine aktivitetar og atraksjonar sommar som vinter. Voss eller Flom er utgangspunkt for Flomsbana.

Tek du over fjorden frå Jondal med ferje kan du oppleva mykje langs vestsida av Hardangerfjorden. Fleire av musèa og utstillingane du finn i menyen til Hardanger og Voss musèum finn du her. Spør gjerne meir på turistinformasjonen ved Steinsdalsfossen. Frå Norheimsund finn du vegen mot Bergen dersom du ønskjer å uforska storbyen.

Ring oss på:

(+47) 996 40 120 Marna

(+47) 410 86 016 Arjen

Organisasjonsnr: 988010367 

Hardanger Rom & Harmonium

v/ Arjen L. H. Stolk og Marna Roer

Herandsvegen 325

5628 HERAND

NORWAY

Web design: Marna Roer

  • Facebook Social Icon